Vilkår for opphaldet

Download PDF

  1. Inn og utlevering av hunden skal skje på avtalt tidspunkt. Reservering av plass er bindande for begge partar frå det tidspunktet kunden mottar bekreftelse frå feriesenteret. Dersom kunden vel å avbestille ein reservasjon seinare enn to dagar før innlevering skulle ha skjedd, må kunden betale for 50 % av opphaldet (gjeld berre juni, juli og august).
  2. Kontant oppgjer skal finne stad før utlevering av hunden. Blir ein hund henta tidlegare enn avtalt, må det likevel betalast for den avtalte perioden.
  3. Kunden må vise fram gyldig vaksinasjonsattest ved innlevering av hunden. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 år. Førstegongs vaksinering eller revaksinasjon må ikkje være tatt seinare enn 14 dagar før innlevering.
  4. Hunden skal ved innlevering vere rein og fri for utøy og ikkje vise teikn til sjukdom.
  5. Kunden godtek at feriesenteret på kunden si rekning og risiko kan bestille veterinær til hunden ved mistanke om sjukdom eller skade. Dersom det skal setjast begrensningar i behandlinga hunden får i ein slik situasjon, må dette på førehand avtalast med feriesenteret og spesifiserast skriftleg. Det vil bli forsøkt å få kontakt med kunden før ein set i gong behandling av hunden.
  6. Vi ber om at kunden tar med den maten som hunden får til vanleg. Dette hindrar laus og dårleg mage som ein ofte får om ein vekslar matsorten for raskt.
  7. Ta gjerne med teppe eller korg. Disse må vere reine av omsyn til hygienen på feriesenteret. Leikar og personlig utstyr takast med på eige ansvar og blir ikkje erstatta om det skulle bli øydelagt. Sjølv om hunden til vanleg ikkje øydelegg leikar og ting heime, kan det skje her grunna det aukande stresset ein får på ein ny og framand plass.
  8. Vi har ingen fellesforsikring på hundane som er på feriesenteret. Kunden har sjølv ansvar for å teikne forsikring på sin hund.
  9. Hunden vil under opphaldet bli lufta ved turgåing og aktivisering i store luftegardar. Feriesenteret sine luftegardar er ca. 2 m høge, og eventuell overhopping og rømming kan vi ikkje stå ansvarlig for.
  10. Feriesenteret kan ikkje gjerast økonomisk ansvarleg for skader og/eller sjukdom som fører til hundens død, invaliditet eller på anna måte varige mein som følgje av forhold under opphaldet ved feriesenteret.


Eg aksepterar overståande vilkår frå Hundens Feriesenter.


_________________________/_________________________
Hundens namn             / Underskrift eigar