Strupehalsband / Strupeband vs. Sele

Viktig informasjon om strupehalsband/strupeband, og fordelane med å bruke ein sele framfor vanlige halsband.

Kanskje det enklaste fyrst: når strupebandet blir tilsnørt enten ved at hunden dreg eller plutselig hopper fram i bandet, så får hunden vondt.

Ryggraden til hunden er bygd opp etter samme prinsipp som hos mennesket. Kliniske studier har bevist at anspenning i halsvirvlane hos hundar fører til dei samme symptoma som hos mennesket: hovudverk, svimmelhet og smerter. Hundane må tåle denne smerten for dei kan ikkje seie ifrå. Hunden kan ikkje seie "idag har eg hovudverk og føler meg svimmel".

Bruk av slike halsband og rykk i bandet med vanlige halsband, er faktisk en grunn til mange ryggproblemer hos hund (A.Hallgren - Ryggproblem hos hunden).

Når strupebandet blir tilsnørt eller når hunden dreg i eit vanlig halsband, blir strupehovudet og luftrøra klemt, noke som ein kan høyre i form av ein ubehagelig hes og harkande lyd.

Kaskje den største ulempa ved bruk av strupehalsband/strupeband, er den store faren for at hunden knyt negative forbindelsar.
Spring f.eks hunden frem i bandet og vil absolutt til ein bestemt plass (til ein annan hund, ein forbigåande osv.) får han vondt, og hunden forbinder smerten som han føler med alt som han i dette øyeblikket ser, høyrer, føler, lukter osv.
Etter gjentatte gonger har det skjedd ein læreprosess, og hunden kan begynne å reagere agressivt når han møter andre hundar, barn osv. Ikkje eit særlig godt utgangspunkt om ein vil ha ein god sosialisert hund....

Strupehalsband Strupeband

Argumentet om at hunden dreg mindre /lærer å drage mindre med eit strupehalsband, er ikkje holdbart.... Det kan kanskje synes å hjelpe litt, men ein tar ikkje fatt på det egentlige problemet og grunnen til at hunden dreg. I tillegg bidrar det som nevnt ovenfor til andre problem.

Blir det brukt ei langline eller lange flexi band, er bruk av ein sele eit "must". Spring hunden fram i bandet med fleire meter som sats, kan dette føre til store skader på hals- og ryggvirvlane.

Må man ein gong gripe raskt etter hunden, kan det hende at han blir skremt, snur seg og forsvarer seg fordi han ser på grepet ovanifrå i hals/nakke parti som eit direkte angrep.

Vil ein bruke eit vanlig halsband, bør det være eit flatt og breitt halsband, og ikkje ei tynn snor som borer seg inn i hals/nakke når båndet blir stramt.


Fordelane med ein god sittande sele er mange:


Selen legg trykket frå halsen til brystkassa, og beskytter dermed halsmuskulaturen, halsvirvlane, luftrøra og strupehovudet.

Selen gjev ein større trafikksikkerhet. Ein kan holde hunden mykje bedre og raskare fast på ryggdelen av selen, (særlig når det gjeld større hundar). Det blir også mindre skader på handa som det ofte kan bli når hunden vrir seg i halsbandet.

Om hunden må dragast ut av ein faresone, f.eks opp av ein bratt elvekant, ut av ei sjakt, eit hol eller opp av ei anna bratt stigning, så er dette mulig uten å strupe hunden.

Hals og nakke partiet hos hundar er eit ganske ømtålig område.
Berøring av oversida (nakken) blir brukt av andre hunder for å imponere og vise "dominans", og undersida tjener til underlegenhet.
Partia på sida er bare for gode venner (kosetygging).

Denne fine følsomheten for signala, blir på en måte avstumpa når ein gjennom halsbandet stadig får impulsar på halsen.

Igjen, den kanskje viktigaste fordelen ved bruk av ein sele, er å forhindre at hunden knyt negative forbindelser. Særlig gjeld dette for unge og ernergiske kvalpar/hundar. Den smertefulle virkninga på halspartiet ved bruk av halsband blir unngått og dermed blir den store faren for feilforbindelser forhindra.

Sele

Ting å passe på ved kjøp/tilpassing av sele
  • Materialet bør være lett, mjukt og kunne vaskast. Skinnseler eigner seg altså ikkje spesielt.
  • Låsane bør være forma, slik at dei ikkje står ut av kroppen.
  • Det er mest praktisk om selen kan åpnast på begge sider. Dei såkalla "step-in" selane der hunden må stige inn med begge potane er ikkje særlig praktisk.
  • Ryggsnora må være fastsydd så den ikkje skyv seg hit og dit.
  • Bredda på snorene på selen må være tilpassa vekta til hunden. Ikkje for tynne snorer på ein stor/tung hund.
Ved tilpassinga må ein passe på at der hos kvalpane er ca. 3 finger plass mellom skulder og sidesnor, og hos voksne ei handflate mellom. Slik forhindrar ein at snorene gneg seg under "armane".

Metallringen skal ikke ligge på brystbeinet.

Mange hunder som ikkje er vande med ein sele, vil ofte bite på den. For å forhindre det, bør ein i tilvenningsfasen ta selen på rett før turen og ta selen av umiddelbart etter ein er komt heim.



TilbakeHundens Feriesenter