Nordfjordeid Panorama

Om oppholdet ved Feriesenteret






Feriesenteret har plass til ca. 15 hundar, der kvar hund får sitt eige koselige rom. Romma er mellom 2,5 - 4 kvm, og har veggar som hindrar innsyn ifrå naboromma.
Hundane blir lufta fleire gonger for dagen i 3 store luftegardar der dei kan leike og ha kontakt med andre hundar. I tillegg vil hundane bli lufta ved turgåing og aktivisert.

Hos oss får kvar hund sitt eige rom. Vi plasserer ikkje hunder som ikkje kjenner kvarandre sammen INNE. Slik er ein sikker på at hunden får mest mulig ro og fred i kvilepausene og at han har sin eigen plass der han kan føle seg trygg.


Ting å ta med:

  • Vaksinasjonsattest
    Attesten må ikkje være eldre enn 2 år. Første gongs vaksinering eller revaksinasjon må ikkje være tatt seinare enn 14 dagar før ankomst. Hunden bør også være behandla med ein flåttkur (vår,sommar,haust). Vi anbefaler å vaksinere hunden mot kennelhoste årlig sidan vaksina berre gjev beskyttelse for eitt år.
     
  • Maten som hunden får til vanleg
    Vi har ikkje eige fôr til hundane sidan det ikkje er bra for hundemagane å skifte fôr fra ein dag til ein annan.
     
  • Halsband / Tursele
    Har hunden ein tursele, er det flott om den blir tatt med.

  • Evt. Teppe / Seng
    Har hunden eit teppe eller ei seng som han likar, kan ein godt ta med det slik at der er ei kjend lukt som kan virke beroligande på ein framand plass.
     
  • Evt. Tyggebein / Griseøyrer
    Slik at hunden har noke å kose seg med ved kvilestundene. Å tygge på noke er også stress reduserande og bidrar til å roe ned hunden.


    Løpetid:
Tisper med løpetid er i regelen uønska p.g.a auka uro i pensjonatet og hannhunder som blir unødvendig stressa og "umulige". Dersom tispa uventa skulle få løpetid etter å ha bestilt plass, koster det i tillegg
kr 50 pr dag for det ekstra arbeidet det medfører. Eit tips er å notere bak i vaksinasjonsboka når tispa har løpetid, så har ein meir kontroll.








Viser til Vilkår.



Badeglede



Lillian Kråkenes, Skårhaug, 6770 Nordfjordeid, Norway, Tel: 95 222 637 , Mail: info@hundensferiesenter.no